Velkomen til Folkemusikkarkivet i Telemark


Vi driv innsamling og formidling av folkemusikk i Telemark. Hovudoppgåvene er å ta vare på dei rike folkemusikktradisjonane i fylket og å arbeide for at folkemusikken også i framtida skal vera ei levande kulturytring.


Folkemusikkarkivet i Telemark er oppretta av Telemark fylkeskommune. Drifta er lagt til Telemark kulturnettverk, og arkivet har lokale i Gullbring kulturanlegg i Bø.

Telemarksviser

Vår eiga visebok!

Her finn ein viser, stev, småstubbar og religiøse folketonar frå alle kantar av fylket. Med boka følgjer to cd'ar med opptak av alle melodiane, sunge inn av nokre av dagens kvedarar. Saman med enkle notebilete gjer det visene greie å lære. Boka inneheld også korte presentasjonar av songkjeldene til visene, forfattarar og samlarar.

Dette er ei bok for alle songglade! Ho kan tingast ved å kontakte arkivet.

Folkemusikkarkivet i Telemark, Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark - boe@folkemusikkarkivet.net - Tlf 35 06 06 86