Om oss

Sidan 1980-talet har det blitt drive målretta innsamling av folkemusikk i Telemark. Dei første åra blei innsamlinga drive på prosjektbasis, med midlar løyvde av Telemark fylkeskommune frå år til år. Hausten 1998 blei det fatta vedtak om oppretting av eit permanent arkiv, og Folkemusikkarkivet i Telemark blei etablert året etter. Det er fylkeskommunen og kommunane som finansierer drifta av arkivet.

Arkivet driv framleis innsamling over heile fylket, dels ved eige dokumentasjonsarbeid og dels ved å ta imot materiale frå andre. Over tid er det bygd opp ei variert samling av og om folkemusikk og –dans i Telemark.

Alle interesserte kan få tilgang til samlinga ved å kontakte arkivet. Ein kan også vende seg til oss med spørsmål som gjeld folkemusikk og –dans. Arkivet held til
 i Gullbring Kulturanlegg i Bø, saman med Telemark kulturnettverk og fleire andre kulturaktørar. Det blir leia av Kari Lønnestad, og ho er å treffe dei fleste dagar i vanleg kontortid.



Postadresse:
Folkemusikkarkivet i Telemark
Gullbringvegen 34
3800 Bø i Telemark

Tlf. 35 06 06 86
Epost: boe@folkemusikkarkivet.net


Folkemusikkarkivet i Telemark, Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark - boe@folkemusikkarkivet.net - Tlf 35 06 06 86