|
|
Til sals
Folkemusikkarkivet har nokre plater og bøker for sal. Kontakt oss om du ønskjer å tinge! Ved utsending blir porto lagt til på fakturaen.
CD
 Sveinung Dalen: Helg
Kr 180,-
Sveinung Dalen var ein av dei fremste spelemennene i Telemark i andre halvdel av 1900-talet. Med denne cd-en har bøheringen også blitt plateartist, i ein alder av 97 år! Dei 30 slåttane på plata presenterer Dalen som spelemann – dette er roleg og høgtidssamt spel, klart og reint, men også friske takter iblant. Opptaka er gjort i hovudsak på 1970- og 80-talet. Produksjonen er støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
|
|
Håvardspel – slåttar etter Håvard Gibøen
kr. 170,- Håvard Gibøen er eitt av dei store spelemannsnamna frå Telemark på 1800-talet.
Denne plata blei gitt ut i 2009 i samband med 200-årsmarkeringa for fødselen hans. Her er arkivopptak med ti sentrale spelemenn som alle har eit nært forhold til Gibø-tradisjonen.
|

Olav Haugen: Mitt liv
kr. 180,-”Mitt liv det har vore så rikt.”Slik heiter det i ei av visene Olav Haugen (f. 1926) syng. Han har hatt eit rikt og aktivt liv med folkemusikk og dans, og har vore ein sterk eksponent for bygdeviser og stev i Telemark. Opptaka på plata spenner over ein lang tidsperiode og viser glimt frå det store viserepertoaret hans.
|

Telemarkfestivalen: Magiske augneblink
kr. 150,-
Telemarkfestivalen starta opp som internasjonal folkemusikkfestival i 1990. Denne utgjevinga inneheld høgdepunkt frå festivalens ti første år – i solo og samspel.
|

Tiriltunga: Kåte ungdomsdagar
kr. 170,-
Folkemusikktrioen Tiriltunga var aktiv på 1980- og 90-talet, og gjorde seg særleg bemerka med fleirstemmige vokalarrangement. Denne samleplata blei til i ettertid, og inneheld opptak frå begge plateutgjevingane deira saman med nokre NRK-opptak.
|
Myllarspel, Landskappleiken 2001
kr. 170,-
Knut Hamre, Terje Christian Hansen, Øystein Romtveit, Leiv Solberg og Lars Underdal spelar slåttar i Myllar-tradisjon. Utgjevinga blei til i samband med Landskappleiken på Rauland 2001 og 200-årsmarkeringa for Myllarguten.
|

Heidi Løvlund: Etterspel
kr. 150,-
Heidi Løvlund (1961-1999) var ein markant person i folkemusikkmiljøet i Telemark. Ho spela på mange strenger, både bokstaveleg og i overført tyding, og hadde eit sterkt og smittande engasjement. Hovuddelen av plata, som blei gitt ut etter at Heidi døydde, er eit amatøropptak frå ein konsert i 1989, der ho utfaldar seg slik berre ho kunne.
|
Bøker
|
Storesund, Asbjørn:
Bøheringspelet kr. 450,-
Hardingfeletradisjonen i Bø og nærliggande distrikt. 378 s. Kr. 450,-
Dette er ei samla framstilling av speltradisjonen på hardingfele i Bø med greiner ut til bygdene ikring. Boka er gitt ut i 2021 og inneheld ein historisk/biografisk del med omtalar av meir enn hundre utøvarar, og ein del med gjennomgang av slåttematerialet.
|
 |
|
Kaasa, Halvard (red.):
Spel og dans kr. 150,-
Boka blei gitt ut til Landskappleiken i Bø 1988, som var ei markering av 100-årsjubileet for Landskappleiken. Ho inneheld ei samling artiklar om folkemusikksoga i Telemark, skrivne av fleire av fylkets nestorar på området.
|
Lønnestad,Kari:
Telemarksviser (inkl. to cd’ar) kr. 450,-
Folkemusikkarkivet i Telemark har gjort eit utval av viser, stev, bånsullar og religiøse folketonar frå samlinga si til denne utgjevinga, som kom i 2012. Her er notar og tekstar, og lydopptak av alle melodiane på to vedlagte cd’ar. Boka inneheld også stoff om songtradisjonen og songkjeldene.
|
|
|