Arne T. Aabø:

Storesau Lauvik og Lårdalsbryggja

Som sikkert mange kjenner til, er yverskrifti til denne vesle artikkelen namnet på tvo slåttar på hardingfele. Um upphavsmannen og bakgrunnen for namnet på slike gamle slåttar er det alltid vanskeleg å seia noko visst. Tradisjonen er ikkje alltid like trygg å lite på, og mistydingar og forvekslingar kan ha kome til undervegs. Når eg no vågar meg til å skrive litt um desse tvo slåttane frå Vest- Telemark, so hev det si årsak i nye og forvitnelege upplysningar som eg nyss kom yver. Millom ei mengd nedteikningar av tradisjonsstoff etter Rikard Berge, som det er kopiar av på Akademiet på Rauland, fann eg ymse spilemannssogur som han hadde skrive ned etter spilemannen Tarjei Tvigyva ( 1853 – 1926 ) i Lårdal i 1903. Iblant alt det andre fortel han ogso um desse tvo slåttane.

Storesau Lauvik er ein springar som hev namnet sitt frå Lauvik i Skafså. Lauvikgardane ligg millom Lårdal og Dalen på sudsida av Bandak. Slåtten var i ferd med å bli burtgløymd tidleg på 1900- talet, men til all lukke sikra Eivind Groven seg ei notenedteikning av slåtten etter Tarjei Tvigyva i 1921. I dag hev me soleis både notur og upptak av Eivind slik at han er berga for ettertidi. Um det merkelege slåttenamnet hev ingen havt noko sikkert å seia. Jamvel kvedaren Talleiv Røysland, som sat inne med so mange sogur og segnir i tillegg til alle visune og slåttestevi sine, visste ikkje noko her. Den vanlege forklaringi hev vore at Storesau må ha vore eit venamn, eller klengjenamn, på ein kar frå Lauvik.

Då er det at den yver 100 år gamle avskrifti etter Rikard Berge kjem oss i møte. Tarjei Tvigyva hev fortalt honom um ein spilemann i Bandakslid som gjekk under namnet av Barbeinen. Rette namnet hans var frå fyrst av Ånund Hansson Evju. Ånund var god spilemann  for kring 50 år sidan, fortalde Tarjei den gongen, og vidare: ”Han dikta ein slått heiter Storesau Lauvik, um ein medgjetin sau paa Lauvik; sauen fekk trinlingar kvart einaste aar og var so stor og svær. Ein annan dikta’n um sjauing og lyfting på bryggjune het Laardalsbryggja”. ”Nokso ungt motiv”, hev Rikard føya til i ein parantes etterpå. Vidare skriv han: ”- son aat Ånund het Hans- han var au spilemann. Honom lærde Tarjei av. Ånund spila ein slått før’n døe. ”D’æ sønd at slike tonar sko rotne i jor’, sa’n”.

Som me ser, er det heilt nye upplysningar um desse tvo slåttane som hev kome fram. Frå slåttesoga kjenner me fleire døme på at hestar hev gjeve namn til slåttar, men at ein sau hev vore upphav til slåttenamn, er ukjent for meg. Men so var det heller ikkje kvardagskost at ein sau fekk tri lam år etter år på denne tidi.

Når det gjeld springaren Lårdalsbryggja, hev forklaringi på namnet vore at Myllarguten ein gong kom med båten til Lårdal. På bryggja var mange menneske samla, og deriblant fleire spilemennar. Myllaren kom med ein ny slått som han spila uppatt og uppatt, og spilemennane ville gjerne lære denne slåtten. Folk tok til å danse på bryggja, og slik heldt dei på heilt til morgonen og solstrålane nådde fram yver Trisætnibba.

At det var Barbeinen som skulle ha laga denne slåtten, er elles ikkje noko nytt. Dette fortalde spilemannen Tjøstov Lofthus ( 1891- 1970 ) i Eidsborg meg for meir enn 40 år sidan, men då var namnet Barbeinen knytt til sonen, Hans Ånundsson Klokkarkosi, som bar same tilnamnet som faren.

Um desse tvo spilemennane, far og son, i Bandakslid kan det vera verdt å fortelje litt meir.
Dei hev ikkje kome so i upprop som dei kan hende hadde fortent. Ånund Hansson  var komen frå plassen Evju under Tveitan i Øvre Bø og var fødd i 1799. Han var um lag jamaldring med Myllarguten, og det er grunn til å tru at dei kjendest frå unge år. Ånund gifte seg med ei jente het Kari og busette seg på ein plass som heitte Kåsa, eit ikkje uvanleg namn i Bøherad. Dei fekk tvo born i lag, Hans fødd i 1828 og Kjersti fødd i 1829. Kari døydde tidleg, og Ånund drog då til Skafså  og gifte seg att der i 1835 med ei enkje, Kari Torsteinsdtr., som upphaveleg hadde kome frå Gunheim i Sauherad. Dei fekk tri born saman, Torstein, Johannes og Ånund, og det er ætt uppe etter desse.

Det kan elles vera forvitneleg å nemne at Ånund hadde ei syster som heitte Tore. Ho vart gift med Gunnar Halvorsson Mogane i Bø, og desse er besteforeldri til storspilemennane Hans og Lars Fykerud. So her rann det nok mykje spilemannsblod i årune.

At Ånund fekk tilnamnet Barbeinen, kom visstnok av at han spende av seg skorne og sat berrføtt å spila til dans. Men Ånund vart ikkje gamal. Han døydde alt i 1838, berre 39 år gamal. Då var Hans berre 10 år gamal, og sjølv um han truleg tok tidleg til med fela, var det nok ikkje mykje han fekk lære beinveges av far sin.

Hans vart ogso ein god spilemann, etter det eg hev fenge fortalt, og han tok vare på, og spila mykje, dei slåttane som faren skulle ha laga. Soleis lærde Tarjei Tvigyva både Storesau Lauvik og Lårdalsbryggja av honom. Kjeringi hans, Tone, var 16 år eldre enn honom, og dei hadde ikkje born. Hans døydde på Søgard Lauvik i 1896 og er gravlagd ved Lårdal kyrkje slik som so mange andre frå Bandakslidsida. Tone hadde døydd tri år fyre. Systeri Kjersti døydde ugift på Hangehomen i 1909. Eg hev rødd med folk som minnest henne.

Hans budde lenge på Klokkarkosi. Det er ein liten plass som ligg heilt nede ved Bandak, um lag der vegen i dag tek av upp til Barskor. Stogumuren og kjellartufti synest godt framleis, men elles er mykje av jordet øydelagt i samband med byggingi av vegen frå Dalen til Lauvik.

Då eg denne vinterdagen sat på Raulandsakademiet og las med undring og age nedteikningane etter Rikard Berge, slo tanken meg at dette måtte vera ei påminning. For det fyrste vart det ei påminning um det umfattande og verdfulle samlararbeidet han gjorde, og at alle med syn for den gamle soga burde taka seg tid til å sjå meir på dette. For det andre vart det ei påminning um at me ogso i dag, i ein elles annsam kvardag, burde gaume meir etter segnir og sogur som dei gamle millom oss framleis sit inne med. Det er ikkje berre tonar som er ”sønd sko røtne i jor’”, for å seia det med Ånund Barbeinen sine ord.

Folkemusikkarkivet i Telemark, Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark - boe@folkemusikkarkivet.net - Tlf 35 06 06 86