Asbjørn Storesund:

Spelemenn og felemakarar i Bø gjennom tidene

Hovudtrekk frå spelemanns- og felemakarsoga i Bø fram til 1980-talet. Artikkelen er skriven i samband med Landskappleiken i Bø 1988.


Dei eldste kjente spelemennene i Bø
Vi veit lite om spelemenn i Bø på 1700-talet – og endå mindre om musikken deira. I miljøet rundt det gamle spikar- og stongjernsverket på Hørte på grensa til Sauherad var det eit aktivt spelemannsmiljø ca. år 1800. På gardar og plassar levde det her etterkomarar etter innvandra spesialarbeidarar frå Dalarna i Sverige og Sachsen i Tyskland. Hammarmeister Ole Knutson Møller (f. 1757) og sonen Gunnar Bonge (f. 1798) var spelemenn i lag og gjestebod. Møllarguten (f. 1799) blei fødd her, og i ungdomsåra fekk han si første spelopplæring av spelemennene på Hørte. I Øvre Bø, som den gongen delvis høyrde til Seljord, budde Olav Soterud (f. 1782) og Øystein Langedrag (f. 1786), og dei var mellom dei beste spelemennene i Telemark på den tid saman med Jon Tjos i Åmotsdal, Knut Lurås i Tinn og fleire. Olav og Øystein sat og spela til kvarandre over Bøelva, er det fortalt. Øystein Langedrag hadde særeigne slåttar frå Seljord, og vi veit at han vanka blant Hørte-spelemennene. Under militærteneste før 1814 var han truleg i kontakt med svenske musikarar.
Andre spelemenn i Bø hadde godt ord på seg tidleg på 1800-talet. Ein av dei var Gregar O. Nordbø (f. 1799), som dessutan spela langeleik. Sonesonen Gregar Nordbø var sogeskrivar, og han skreiv opp fleire av slåttane etter bestefaren.
Gregar Saga (f. 1800), som var søskenbarn til Gregar O. Nordbø, var ein framifrå spelemann, som bytte slåttar med både Møllarguten og Håvard Gibøen. Ein gong Håvard var i Bø, blei han sporlaust vekk, og da hadde han vore hos Gregar og lært den kjende springaren ”Signe Ulladalen”. Gregar Saga eigde fleire gardar i Bø og dreiv mølle, sag og stampe i Sagafossen. Han er såleis eit døme på at slett ikkje alle spelemennene på denne tida var fattigfolk.
På plassane ovanfor Hørte kom det både kjente og mindre kjente spelemenn fram mot midten av 1800-talet. På Fykerud-plassen, som no er mest heilt borte, voks Hans Gunnarson Fykerud (f. 1823) opp, men flytte alt i 1850-åra til Sauherad. Sonen, meisterspelemannen Lars Fykerud, førte vidare det særmerkte Fykerud-spelet, og hadde seinare mykje samband med Borgen-spelemennene i Bø.
Fleire bygdespelemenn er kjente frå denne tida, som Jon Askiltrud (f. 1817) på plassen Tambur-Kåsa. Ein gong bruka dei Jon som raklespelemann for å terge opp Møllarguten ein gong han var uviljug til å spele. Ein typisk dansespelemann var Gunnar Slåttedalen, (f. 1828), som mellom anna skal ha lært av Øystein Bokko i Tinn. Det var nok mindre utbygde slåttar dei bruka i gilder og gjestebod, og det er ikkje mykje att av denne slåttetradisjonen i Bø no.

Flatlandstradisjonen og Møllar-spelet
Fram mot 1850 blei Bø eit senter for hardingfelespelet i Telemark. Dette hang saman med at felemakarane på Helland og noko seinare Steintjønndalen blei dei fremste på dette feltet i denne tida, og at spelemennene på Flatland sto som vidareførarar av spelet til Møllarguten. Felemakarane og Flatland-spelemennene var av ei og same ætta og kom opphaveleg frå husmannplassen Hellos under Eikja.
Dei første felemakarane vi kjenner til i Telemark var Karl Rue og Olav Gullbekk i Seljord, men Jon Erikson Helland (f. 1790) tok opp felemakararbeid i Bø etter at han hadde lært dette under militærteneste i Sverige. Sønene hans Erik J. Helland (f. 1816) og Eilev J. Steintjønndalen (f. 1821) fekk så godt ord på seg for felene sine, at dei beste spelemennene i tida ofte reiste til Bø for å handle feler.
Garden Flatland ligg ikkje langt frå Helland og Steintjønndalen. Her budde søskenbarnet til felemakarene, Hans Hanson Flatland (f. 1812). Han gjekk for å vere Bøherads beste spelemann rundt 1850, og ein av dei beste i samtida. Møllarguten og andre spelemenn var ofte innom på Flatland. På naboardane kunne dei jamnt høyre slåttespel derifrå, er det fortalt – ikkje minst etter at tre av sønene til Hans Flatland blei framifrå spelemenn. Det var Olav, Vesle-Hans og Halvor.
Vesle-Hans Flatland (1846-1916) blei ein meisterspelemann etter at han kom i lære hos Møllarguten. Det skulle ein storspelemann til for å klare dei lange og teknisk krevjande Møllar-slåttane, men Vesle-Hans Flatland var rette manen til oppgåva. Han kom difor til å få ei nøkkelrolle i den huvudtradisjonslina etter Møllarguten som Flatland-spelet var. Det var derfor eit stort tap for felespelet i Bøherad då Vesle-Hans dro til Amerika alt rundt 1870.
Halvor Flatland (1853-1929) lærte av Vesle-Hans, og det blei såleis han og broren Olav som førte dette spelet vidare, sjølv om dei ikkje kunne nå opp til Vesle-Hans i teknisk dugleik. Halvor lærte og av Leiv Sandsdalen, og han hadde stor evne til å forme ut slåttane. Han sat derfor inne med ein stor slåtterikdom, og han fekk læregutar av første klasse. Dei fremste av desse var Halvor Jørgenson Lie og Torkjell Haugerud. I 30 år budde Halvor Flatland på Brukås ved Oterholt, plaga av sjukdom på sine eldre dagar. Mange kom dit for å lære, Einar og Kristiane Lund, Tollef Forberget, Anund og Olav Evju. Frå Vestlandet kom Halldor Meland og Arne Bjørndal. Halvor Flatland fekk lite påskjønning for den umåteleg store slåttearven han gav vidare til nåtida, men han er å rekne som ein av dei store tradisjonsberarane i folkemusikken.
Halvor Jørgenson Lie (1858-1905) hadde uvanlege evner som spelemann, og rundt 1875 kom han i lære hos Halvor Flatland. Mens spelet til Flatlandane var meir nøkternt og fast forma, kom villskapen i Møllar-spelet att hos Halvor Jørgenson. Med stort temperament kunne han spele seg opp i ekstase, og han varierte slåttane mens han spela dei. Rundt 1885 reiste han til Amerika, der han dreiv som tannlækjar til han døydde i 1905.
Torkjell Haugerud (1876-1954) var fødd i Bø, men flytte til Seljord då han gifta seg, og dreiv som bonde og organist der. I 1890-åra kom han i lære hos Halvor Flatland, og blei storspelemann etter få år. Han blei den mest namngjetne vidareføraren av Flatland-spelet, og dette hadde samanheng med eit samarbeid med Gregar Nordbø, soneson av spelemannen med same namn. Gregar spela langeleik og orgel, og hadde skrive opp på notar mange eldre bøheringsslåttar. Saman med Gregar rekonstruerte Torkjell Haugerud mange av desse for hardingfele.
Men Torkjell Haugerud tok etter kvart opp i seg fleire slags slåttespel. Han reiste til Ola Mosafinn på Voss, til Knut Dale i Tinn og til Leiv Sandsdalen og andre. Som Ola Mosafinn luka han bort mindre gode parti i slåttane, og spelet hans blei detaljrikt og klart i forma. Haugerud er ein av dei mest originale slåttekomponistane i nyare tid.

Dei første felekappleikane i Bø
Frå midten av 1800-talet og framover kom Fykerud-spelet med full kraft. Gamle Hans Fykerud og sønene Lars og Hans fekk mange beundrarar, ikkje minst blant bøheringsspelemennene. Spelet til Fykerudane med den sermerkte kjenslerike dåmen skilde seg frå Møllar-spelet og Flatland-spelet, og folk diskuterte for og imot dei to retningane. Alt Møllarguten og gamle Hans Fykerud kom i krangel om dette. Folkemusikkinteresserte folk i Bø, mellom dei Flatland-tilhengaren Gregar Nordbø, tok opp tanken om ein kappleik for å avgjere kven som var best.
Den første kappleiken blei halden på garden Grivi i Bø i 1888, og den fekk eit sterkt lokalt preg med spelemenn frå Bø, Sauherad og Seljord. Fleire av dei fremste spelemennene var ikkje med, og synet blant domarane delte seg på ein måte som tydeleg illustrerte den usemja som rådde. Preielista blei:
1. pr.: Lars Fykerud, 2. pr.: Halvor Flatland, 3. pr.: Erik Øverland, 4. pr.: Gregar Kåsine, 5. pr.: Olav Flatland.
Den andre kappleiken var på Grivi i 1892. Då var Lars Fykerud i Amerika, og Leiv Sandsdalen vann, men kommentaren hans syner dei problema kappleiksystemet hadde alt frå starten. Sandsdalen hausta stor respekt då han uttala at domarane hadde sett han først fordi han var gamal, og at ”Mørkholt-guten” skulle vunne. Premielista blei slik:
1. pr.: Leiv Sandsdalen, Seljord, 2. pr.: Halvor Mørkholt, Bø, 3. pr.: Gregar Kåsine, Bø, 4. pr.: Hans Smeland, Seljord, 5. pr.: Halvor Flatland, Bø, 6. pr.: Harald Smedal, Seljord.
Den tredje kappleiken var utanfor Bø Handelsforening i 1898, og inne hos handelsstyraren trimma spelemennene felene sine før tevlinga. Etter kappleiken skreiv Lavrantz Rui i Varden mellom anna: ””Langedragen”, ”Filleværn”, ”Sevlen” og ”Signe”, alt på en gang – visstnok større spetakkel her enn den gang da israelitterne med basuner og trompeter nedblæste Jerikos murer.” Her blei resultatlista:
1. pr.: Torkjell Haugerud, Bø, 2. pr.: Hans Smeland, Seljord, 3. pr.: Aslak Lundtveit, Lunde, 4. pr.: Gregar Kåsine, Bø.

Borgen-spelemennene
På storgarden Borgja blei det eit nytt senter for hardingfelemusikken i Bø. Halvor Borgen (1855-1907) var ein førarskikkelse i bygda i kraft av både rikdom og personlege eigenskapar. Han var god spelemann, og det same var faren, Halvor Uvdal d. e. (f. 1828). Begge brørne til Halvor Borgen spela fele, og likeså brorsonen Halvor Staurheim. Så det var musikalske evner i slekta, og på Borgja var det ope hus for spelemenn frå fjern og nær. Sjølv reiste Halvor Borgen til Leiv Sandsdalen for å lære, men høgast sette han Lars Fykerud, som han hjelpte økonomisk og alltid omtalte som Norges beste spelemann.
I dette spelemannsmiljøet voks borna hans opp, og fire av dei blei gode felespelarar. Det var Aslaug (f. 1876), Halvor (f. 1879), Gunnulf (f. 1881) og Halvor (f. 1892). Halvor Borgen betalte kjente spelemenn for å lære dei opp, til dømes Knut Dale i Tinn.
Gunnulf Borgen blei meisterspelemann, og spelet hans var sterkt påverka av Lars Fykerud, men han beherska og Møllar-spel og Dale-spel, alt med eit eige personleg stempel. Mannen var liten og stillfarande, men spelet var kraftig, fyldig og teknisk svært krevjande. Og det blei ei inspirasjonskjelde for yngre bøheringsspelemenn, som Jens Amundsen.

Folkemusikken i Bø i dette hundreåret
Felemakarhandverket i Bø blei ført vidare av Gunnar O. Helland (1852-1936) og Knut Eilevson Steintjønndalen (1850-1902). Dei utvikla nye felemodellar med kraftigare tone, og dette arbeidet tok Knut Knutson Steitjønndalen (1887-1969) opp og heldt fram med til han døydde. Han var då den siste felemakaren i denne ætta i Bø.
Alt på slutten av 1800-talet kom nye musikkformer i bruk på bygdene, og spelemennene i Bø fekk merke konkurranse med trekkspel og meir moderne rytmer utanfrå. Som ei motvekt mot dette blei spelemannslaget Bøheringen starta i 1934, og laget har vore aktivt heilt til i dag. Frå starten var Gunnnulf Borgen og Einar Lund leiarar i laget, og frå 50-åra tok Jens Amundsen over som leiar av samspelet.
Sjølv om kappleikane verken frå starten eller seinare gav noko endeleg svar på kven som var beste spelemannen, blei systemet ei årviss ordning i Telemark Ungdomslag sin regi. Seinare tok andre lag opp slike tilskipingar, og kappleikane fekk ei viktig rolle i det å halde oppe interessa for slåttespelet. Mange av bøheringsspelemennene har hevda seg godt i slike konkurranser. Blant dei som har halde slåttetradisjonen oppe i Bø i seinare tid må særleg nemnast: Olav Høljeson Gåra, Einar og Kristiane Lund, Tollef Forberget, Halvor Eikjarud, Knut Ufs, Hans og Jon Lunden, Alfred og Jens Amundsen, Anund Roheim og Sveinung Dalen.

Folkemusikkarkivet i Telemark, Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark - boe@folkemusikkarkivet.net - Tlf 35 06 06 86