Kari Lønnestad:

Det ukjente folkemusikk-Telemark


Telemark er eit fylke rikt på folkemusikktradisjonar. Det er vel kjent, og mange sit inne med stor og verdfull kunnskap om tradisjonen. Men også her finst det kvite flekkar på kartet. For Telemark er meir enn dei indre bygdene, der hardingfela har vore i høgsetet. Kva veit vi eigentleg om musikktradisjonane i dei nedre delane av fylket?

Eit besøk i arkivet
Ein haustdag i 2001 fekk Folkemusikkarkivet i Telemark besøk av ein eldre kar. Han hadde tatt bussen til Bø frå Kragerø, og med seg i veska hadde han ein lydkassett med opptak på. Opptaka var med far hans, og dei var gjort av folk i historielaget i Sannidal på 1950-talet. Å få inn gamle private opptak til arkivet er alltid spennande. Dei kan vere av høgst varierande kvalitet, men stundom kan det dukke opp interessante ukjende innspelingar som er med på å komplettere biletet av tradisjonsmusikken. Og det var nettopp det som skjedde denne novemberdagen då Håkon Schulze besøkte arkivet. Faren, spelemannen Anders Schulze frå Helle, spela vanleg fele, og på kassettbandet var det til saman ni slåttar - springar, reinlender og polka. Materialet ber preg av å vere i slekt med det ein kan høyre frå andre sida av fylkesgrensa mot Agder. Ikkje spesielt overraskande, når ein tenker på kor nær kvarandre desse områda er geografisk, men frå nedre Telemark er det dessverre dokumentert fint lite av dette, så opptaka med Schulze er slik sett med på å fylle ut ein kvit flekk på kartet.

Den vanlege fela
I det heile er det ikkje dokumentert så mykje om spel på vanleg fele i Telemark. Vi veit at dette feleslaget har vore bruka i dei nedre områda av fylket, også i Drangedal og Nome, men det ser ut til at dei seinare generasjonane har gått over til andre instrument. Fela var vanleg til dansespel m.a. i bryllaup omlag fram til første verdskrig, men utover på 1900-talet kom nye impulsar med ny musikk og nye dansar som overtok for det gamle. Fleire kan fortelje om ein onkel eller bestefar som spela fele, men sjølve har dei satsa på meir moderne instrument som trekkspel eller gitar. Dei eldre danseformene gjekk ut av bruk, og slåttane som vart bruka til dei, gjekk i gløymeboka. Parallellt med dette finn vi dei spelemennene som var knytte til det organiserte spelemannsmiljøet, som heldt oppe ”den nasjonale musikken” og deltok på kappleikar. Men her er det hardingfela som rår grunnen, det ser ikkje ut til at den vanlege fela har hatt ein plass på kappleikane i Telemark. Frå Drangedal kjenner vi til at hardingfela vart teke i bruk relativt seint. Tor Homleid, som var aktiv spelemann på kappleikar og elles på 1950-talet og framover, bruka berre hardingfele, men kjende godt til spelemenn i området tidlegare som bruka den vanlege fela.

Fleire gamle opptak?
Anders Schulze var mest aktiv som spelemann før krigen, og han spela både fele og durspel. Det vesle vi har av opptak med han vitnar om at han har spela til dans, for spelet er friskt og taktfast. Forutan springarar og runddansslåttar spela han også rilar, fortel familien. I 1939 skal han ha spela inn for NRK saman med Martinius Nes, som spela harpeleik. Det er uvisst om desse opptaka finst i dag. Men ein kan då håpe – kanskje dukkar dei opp ein vakker dag, både desse og andre spennande gamle opptak frå det ukjente folkemusikk-Telemark.

Folkemusikkarkivet i Telemark, Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark - boe@folkemusikkarkivet.net - Tlf 35 06 06 86