Kari Lønnestad:

Litt om langeleiksoga, spesielt i Telemark


Langeleiken høyrer til gripebrettcitherane, og stammar truleg frå monokordet, eit strengeinstrument som m.a. vart nytta til undervisning. Frå monokordet har det i seinmellomalderen utvikla seg instrument som har fått sine lokale utformingar i ulike land i Europa. Den tyske komponisten og musikkforskaren Michael Praetorius har i det teoretiske verket Syntagma Musicum frå 1615-20 ei stor oversikt over eksisterande musikkinstrument på den tida, med omtale og illustrasjonar. Eitt av desse er eit strengeinstrument han kallar Scheitholt, som har store likskapar med langeleiken. Variantar av dette instrumentet har på 1600-talet vore kjende i mange europeiske land, med noko varierande utsjånad, strengetal og speleteknikk.

Den nordiske langeleiken er kjend frå Noreg, Sverige, Danmark og Island, men berre i vårt land har tradisjonen halde seg ubroten fram til i dag. Instrumentet ser ut til å ha hatt ei blomstringstid på 1600-talet, men kjelder som har kome fram i seinare tid, kan tyde på at det har vore kjent minst hundre år tidlegare. Eldste daterte langeleik i Noreg vart oppdaga i privat eige på Vardalsåsen ved Gjøvik for nokre år sidan. Instrumentet har innskrifta 1524, men det har vore diskutert om dateringa kan vere ekte. Elles finst det fire daterte instrument frå siste del av 1600-talet, men også mange udaterte instrument som kan ha like høg, eller høgare, alder.
Langeleiken er omtalt i ein del skriftlege kjelder. Den eldste av desse er frå rettssaka i samband med avsettinga av biskop Anders Arreboe i 1622. Biskopen vart avsett fordi han skulle ha vist usømeleg framferd, m.a. ved eit bryllaup i Hemne i Sør-Trøndelag i 1619. Eit vitne i saka nemner at ei jente spela ”Langespil” i bryllaupet, og at instrumentet vart nytta til dans. (Ringve, 87:14).
Det er grunn til å tru at langeleiken var kjend over store delar av landet på denne tida, og at det var vanleg å nytte han til dansespel. Frå 1700-talet er han omtalt i mange kjelder, men utover i dette hundreåret ser det ut til at han gradvis blir fortrengt av fele og hardingfele. Desse er meir lydsterke enn langeleiken, og gjev også andre høve til musikalsk utforming. På 1800-talet er langeleiken på veg ut, og mange stader heilt ute av bruk, og det er særleg i Valdres at instrumentet held stand i forhold til hardingfela. Her finn me framståande utøvarar som vidareutviklar spelet og reiser på spelferder, slik elles mange hardingfelespelemenn gjorde. Langeleikspelet i Valdres har halde fram i ubroten tradisjon fram til vår tid. Etter ein periode med lågare status, tok interessa seg opp att, og distriktet har i dag mange aktive utøvarar som tildels også har fornya og vitalisert tradisjonen.

Også i Telemark viser diverse skriftlege kjelder at langeleiken var eit vanleg kjent instrument tidlegare. T.d. skriv presten H. J. Wille i 1786 om forholda i Seljord. Han nemner ulike instrument som er bruka i bygda, mellom dei ”Langeleeg, en huul og lang Kasse med nogle Messingstrænger, hvorpaa man spiller med en Træpind, og forandrer Tonerne ved at lade Fingeren gaae frem og tilbage paa den forreste Stræng” (Wille, 1786:125).
Den eldste dokumentasjonen frå Telemark som inneheld namngjevne utøvarar, finn me i M. B. Landstads Gamle Sagn om Hjartdølerne, utgjeve i 1880. Der står det om prestekona Sissel (Cecilie Arnesdatter) Lind at ho kunne ”spille paa Langeleeg, i den Kunst var hun umfram alle andre. Om Søndagerne, naar presten var i Tudal eller Gransherred, samlede Bygdens Piger sig i Prestegaarden for at høre Mor Sissel laate paa Langeleeg” (Landstad, 1880:57f). Sissel Lind døydde i 1717, i høg alder, så skildringa er truleg frå siste halvdel av 1600-talet.

Kjem me nærare vår tid, er det meir rikeleg med kjeldemateriale. I bygdebøker og andre kjelder er det omtalt omlag 70 telemarkingar som skal ha spela langeleik, omlag 60 av desse er namngjevne og sikre. Ein av dei mest omtalte er Ingebjørg Torsteinsdotter Rinde (1761-1847) frå Rinde i Åmotsdal. Ho må ha vore godt kjend i Telemarks-bygdene i samtida si, skal ein døme etter alle utsegnene som finst om henne. Ho vart kalla Dauvens-Ingebjørg, eller Dauva, avdi mannen hennar vart dauv. Dette noko misvisande namnet har seinare blitt hengande ved henne. Dauvens-Ingebjørg reiste mykje ikring på bygdene med spelet sitt, ho skal endå ha vore like til Christiania. Etter at mannen hennar døydde, har ho delvis livnært seg ved dette, og ho kan såleis samanliknast med fleire av langeleikspelarane i Valdres. Dei mange utsegnene vitnar om at ho gjorde inntrykk, både med spelet sitt, den vakkert utskorne leiken og med heile sitt vesen. Ein kjenner ikkje til at det vart skrive ned slåttar etter henne (ho døydde då òg nettopp på den tida då innsamlinga kom i gang for alvor), men omlag 16 slåttar er namngjevne.
Frå Tinn finst det mange utsegner om langeleikspelaren Ågot Einung (1831-1911). Ho hadde spelet i familietradisjon frå mange generasjonar bakover, og hadde også arva leiken etter oldemor si. Leiken finst i dag på Tinn museum, saman med ein flott dansehest. Slike figurar, som vart festa med ei snor til plekterhanda og som ved hjelp av eit lite stativ kunne danse til spelet, er kjende frå fleire stader. Oftast var det ei lita dokke som vart bruka, ei slik er også omtalt frå Vest-Telemark. Innsamlaren Catharinus Elling var hos Ågot Einung, og han skal m.a. ha notert ned slåttar etter henne, men det er ikkje kjent kvar desse nedskriftene er.
Omlag samstundes med Ågot Einung finn me ein familie i Rauland som var kjend for langeleikspel. Dei vart kalla Myringane, etter plassen der dei budde, og både foreldra og fleire av sønene spela langeleik. Ein av sønene var Andres Lauvås (1841-1922), som Eivind Groven skreiv ned slåttar etter i 1920. Lauvås var då ein gamal mann, og hugsa ikkje lenger alle slåttane han haddde kunna tidlegare. Han hadde møtt Dauvens-Ingebjørg, men var berre småguten då ho døydde. Ein av slåttane hans skal vere etter henne, men elles hadde han nok spelet hovudsakleg frå faren, Olav Gunnarson Soterud, som kom frå Seljord. Andres Lauvås var den siste i Rauland som spela langeleik i levande tradisjon.

Det området i Telemark der langeleikspelet heldt seg lengst, er Landsmarka og Holla-heia mellom Lunde og Ulefoss i Midt-Telemark. I dette isolerte heiområdet, der det tidlegare var bufaste mange stader, viser det seg at dei heldt både lur- og langeleikspelet i hevd etter at hardingfela for lengst hadde overtatt dominansen i dei større bygdene. Frå tidleg på 1800-talet er det to namngjevne langeleikspelarar herfrå, Johannes Torstenson Kleiverud frå Flåbygd og Eirik Thomassen Plassen frå Landsmarka. Sistnemnde vart kalla Langeleikguten, og reiste ein del rundt og spela. Frå Holla-heia høyrer me om Jens Øya (f. 1811) og fleire spelarar i Brennebu-familien, m.a. Jens Brennebu (1829-1904) og Karen Brennebu (1867-1935). Rikard Berge skriv i 1921, etter samtale med kommandørsersjant Peder Kristensen Dalen frå Holla:

Den fyrste kappleik nokon kjenner til stod paa Furustul i Holla i juni 1882. Doktor Rosen i Larvik fekk kappleiken i stand. Dei kappa paa leik og lur. Fyrste premi paa langeleik fekk Jens Øya, og paa lur fekk eit kvende fraa Timland i Mælum. Jens var daa gamal. Langeleiken hans hadde han gjort sjølv ikr. 1840. ... Jens Brennebu spela godt langeleik, men han var ikkje naame nære god som Jens Øya. ... Best av alle han hev høyrt og langt betre enn t.d. Kari Rudi var Jens Øya ..., men han spela lite for folk. (Berge, bok 284:98f)

Karen Brennebu og tvillingbroren Ole Petter deltok også på denne kappleiken. Dei var då berre 15 år gamle, men fekk premie for spelet sitt. I generasjonen etter desse var det Lina Holte (1893-1970) og Arthur Vibeto (1906-1971) som førte vidare langeleikspelet. Med begge desse finst det lydbandinnspelingar, gjort på 1950- og 60-talet, og dette er dei eldste opptaka som finst av langeleikspel i Telemarks-tradisjon. Lina Holte lærte som jentunge spel av Karen Brennebu, medan Arthur Vibeto hadde slåttane frå mora, som tralla dei. Vibeto var elles kjend for å lage langelur, ei kunst han hadde frå faren og bestefaren.
Den siste på Holla-heia som har langeleikspelet i levande tradisjon, er Anne Milly Teksle. Ho er barnebarn av Ole Petter Brennebu, og har lært litt spel av mor si. Ho representerer altså den siste tynne lina me har av levande langeleiktradisjon i Telemark. Gledeleg var det å oppdage at han faktisk ikkje var utdøydd, sjølv om interesssa har ligge nede i mange år.



Kjelder:

Aksdal, Bjørn: ”Strengeinstrumentene” i Fanitullen, Oslo 1993.
Berge, Rikard: Upubliserte manuskript, bok nr. 24. Telemark Museum.
Bitustøyl, Kjell: ”Langeleiken – burtgløymd og lite påakta” i Fjøllmannjenta, utgitt av Landskappleiken 1994.
Bitustøyl, Kjell: ”Langeleiken i Telemark – må historia skrivast om?” i Årbok for Telemark 1995.
Hedlund, Gerhard: ”Langleikspillerne på Holla-heia” i Holla-minner 1989 utgitt av Holla historielag.
Hovden, Knut K.: ”Langleikspilar frå Telemark” i Norig 15/07 1912.
Landstad, M. B.: Gamle sagn om Hjartdølerne. Christiania 1880.
Ringve Museum: Leve langeleiken. Utgitt i samband med utstilling 1987.
Wille, Hans Jacob: Beskrivelse over Sillejords Præstegield. Kiøbenhavn 1786.


Artikkelen bygger på særemne ved Universitetet i Oslo 1997.



Folkemusikkarkivet i Telemark, Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark - boe@folkemusikkarkivet.net - Tlf 35 06 06 86