Folkemusikkarkivet har nokre plater og bøker for sal. Kontakt oss om du ønskjer å tinge! Ved utsending blir porto lagt til på fakturaen.
CD
|
Sveinung Dalen: Helg |
Einar Øverland: Kveldroen Spelemannen Einar Øverland (f. 1944) har røter frå Seljordshei, og i slekta har det vore både spelemenn og kvedarar. Sjølv har han spela sidan ungdomen, men han skulle bli over 80 år før han gav ut plate. Til gjengjeld skjer platedebuten med ein dobbelt cd! Her er totalt 34 slåttar, og hefte med presentasjon skrive av Knut Buen. Opptaka er gjort i 1987 og 2017, etter initiativ frå Buen, og plateselskapet Aksent står bak utgjevinga. |
|
Håvard Gibøen er eitt av dei store spelemannsnamna frå Telemark på 1800-talet.Denne plata blei gitt ut i 2009 i samband med 200-årsmarkeringa for fødselen hans. Her er arkivopptak med ti sentrale spelemenn som alle har eit nært forhold til Gibø-tradisjonen. |
”Mitt liv det har vore så rikt.” Slik heiter det i ei av visene Olav Haugen (f. 1926) syng. Han har hatt eit rikt og aktivt liv med folkemusikk og dans, og har vore ein sterk eksponent for bygdeviser og stev i Telemark. Opptaka på plata spenner over ein lang tidsperiode og viser glimt frå det store viserepertoaret hans. |
|
Telemarkfestivalen: Magiske augneblink |
![]() Tiriltunga: Kåte ungdomsdagar kr. 170,- Folkemusikktrioen Tiriltunga var aktiv på 1980- og 90-talet, og gjorde seg særleg bemerka med fleirstemmige vokalarrangement. Denne samleplata blei til i ettertid, og inneheld opptak frå begge plateutgjevingane deira saman med nokre NRK-opptak. |
![]() Myllarspel, Landskappleiken 2001 kr. 170,- Knut Hamre, Terje Christian Hansen, Øystein Romtveit, Leiv Solberg og Lars Underdal spelar slåttar i Myllar-tradisjon. Utgjevinga blei til i samband med Landskappleiken på Rauland 2001 og 200-årsmarkeringa for Myllarguten. |
Heidi Løvlund: Etterspel |
Bøker
![]() |
|
| Storesund, Asbjørn: Bøheringspelet kr. 450,- Hardingfeletradisjonen i Bø og nærliggande distrikt. 378 s. Kr. 450,- Dette er ei samla framstilling av speltradisjonen på hardingfele i Bø med greiner ut til bygdene ikring. Boka er gitt ut i 2021 og inneheld ein historisk/biografisk del med omtalar av meir enn hundre utøvarar, og ein del med gjennomgang av slåttematerialet. |
|
|
![]() |
| Kaasa, Halvard (red.): Spel og dans kr. 150,- Boka blei gitt ut til Landskappleiken i Bø 1988, som var ei markering av 100-årsjubileet for Landskappleiken. Ho inneheld ei samling artiklar om folkemusikksoga i Telemark, skrivne av fleire av fylkets nestorar på området. |
Lønnestad, Kari: Telemarksviser (inkl. to cd-ar) kr. 450,- Folkemusikkarkivet i Telemark har gjort eit utval av viser, stev, bånsullar og religiøse folketonar frå samlinga si til denne utgjevinga, som kom i 2012. Her er notar og tekstar, og lydopptak av alle melodiane på to vedlagte cd’ar. Boka inneheld også stoff om songtradisjonen og songkjeldene. |











