Opptakssamlinga vår omfattar over 25.000 kutt, det meste av dette er lydopptak, ein mindre del er videoopptak. Opptaka er av varierande kvalitet, avhengig av alder, opptakssituasjon, opptaksutstyr som er nytta og alder/tilstand på utøvaren. Det meste av samlinga er upubliserte opptak, men utgitte fonogram finst også i mindre omfang.
Nedanfor kan du søke i katalogen over opptaka, men det er berre nokre få smakebitar frå lydsamlinga som er lagt ut her på nettsida. Dei andre opptaka må du kontakte arkivet for å høyre.
Klikk her for å høyre lydklipp.
Heile samlinga er tilgjengeleg ved besøk i våre lokale. Det er gratis å besøke oss for å sjå eller høyre opptak. Ta kontakt på førehand for å avtale tid. Vi kan kopiere ut opptak dersom vi har løyve til det frå utøvaren. Utkopierte opptak er til privat bruk for mottakaren og kan ikkje kopierast vidare til andre. Evt. annan bruk må ein avtale spesielt. Vi leverer ut enkeltkutt som mp3-filer, til kr. 10,- pr. stk. Vi kan også levere opptak på cd, til kr. 100,- pr. plate + kr. 1,- pr. minutt innspeling. Evt. frakt/porto ved utsending kjem i tillegg.
Søk i katalogen
Du kan søke på meloditittel eller namn på utøvar. Skriv inn heile tittelen eller heile namnet (Etternamn, Fornamn) i søkefeltet, eller berre del av i tittelen, fornamn eller etternamn. Klikk deretter på vis-knappen.
Enkelte utøvarar er representerte med fleire instrument eller roller. Ved søk på desse vil alternativa kome opp og du kan gå vidare til det du ynskjer å sjå. Valget “anna” kan tyde fleire ting. Det kan vera at utøvaren er dansar, da er det titlane på slåttane som blir spela, ein får opp. Det kan også vera at personen er registrert som tradisjonskjelde, komponist, forfattar m.m. Opptaka som er registrerte under “anna” kan derfor vere med andre utøvarar enn den du har søkt på. Enkelte personar kan vere registrerte utan at det er opptak knytt til dei.

