Om oss

Sidan 1980-talet har det blitt drive målretta innsamling av folkemusikk i Telemark. Dei første åra blei innsamlinga drive på prosjektbasis, med midlar løyvde av Telemark fylkeskommune frå år til år. I 1999 etablerte fylkeskommunen Folkemusikkarkivet i Telemark med fast drift. Det er fylkeskommunen og kommunane som finansierer drifta av arkivet, som er lagt til Vestfold og Telemark kulturnettverk.

Arkivet driv framleis innsamling over heile fylket, dels ved eige dokumentasjonsarbeid og dels ved å ta imot materiale frå andre. Over tid er det bygd opp ei variert samling av og om folkemusikk og -dans i Telemark.

Alle interesserte kan få tilgang til samlinga ved å kontakte arkivet. Vi låner ikkje ut materiale, men du kan kome til oss og sjå eller høyre det du er interessert i, kostnadsfritt. Er du ute etter konkrete opptak, kan du i mange tilfelle få ut kopiar, mot ein rimeleg kostnad. Det gjeld dersom utøvaren har gitt løyve til det. 

Ynskjer du å besøke arkivet, er det ein fordel å ta kontakt på førehand for å gjera avtale.
 Då veit du at vi er til stades, og vi kan finne fram materiale til du kjem.

Arkivet held til
 i Gullbring Kulturanlegg i Bø, saman med fleire andre kulturaktørar. Det blir leia av Kari Lønnestad, og ho er å treffe dei fleste dagar i vanleg kontortid.



Postadresse:

Folkemusikkarkivet i Telemark

Gullbringvegen 34

3800 Bø i Telemark

Tlf. 35 06 06 86

Epost: boe@folkemusikkarkivet.net