Folkemusikkarkivet har over 10 000 registrerte artiklar og andre trykte dokument om folkemusikk og utøvarar, hovudsakleg i Telemark. Her finst informasjon om musikk og dans frå langt attende i tida og fram til i dag.
Hovudtyngda av dette materialet er avisartiklar, men her finst også andre artiklar, bøker, småtrykk og diverse anna skriftleg materiale. Vidare har vi dei fleste utgåvene av Spelemannsbladet, samt fleire andre tidsskrift, men dette materialet er ikkje lagt inn i katalogen.
Nedanfor kan du søke i skriftkatalogen. Her kan du finne ut kva arkivet har om det emnet du er interessert i, men du kan ikkje sjå sjølve materialet her på nettsida. Ta kontakt om det noko du ønsker å sjå, eller om du ønsker å besøke arkivet.

