Til salgs

Folkemusikkarkivet har nokre plater og bøker for sal. Kontakt oss om du ønskjer å tinge! Ved utsending blir porto lagt til på fakturaen.

CD

 

Sveinung Dalen: Helg
Kr 180,-
Sveinung Dalen var ein av dei fremste spelemennene i Telemark i andre halvdel av 1900-talet. Med denne cd-en har bøheringen også blitt plateartist, i ein alder av 97 år! Dei 30 slåttane på plata presenterer Dalen som spelemann – dette er roleg og høgtidssamt spel, klart og reint, men også friske takter iblant. Opptaka er gjort i hovudsak på 1970- og 80-talet. Produksjonen er støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Einar Øverland: Kveldroen
Dobbel cd, kr 250,-

Spelemannen Einar Øverland (f. 1944) har røter frå Seljordshei, og i slekta har det vore både spelemenn og kvedarar. Sjølv har han spela sidan ungdomen, men han skulle bli over 80 år før han gav ut plate. Til gjengjeld skjer platedebuten med ein dobbelt cd! Her er totalt 34 slåttar, og hefte med presentasjon skrive av Knut Buen. Opptaka er gjort i 1987 og 2017, etter initiativ frå Buen, og plateselskapet Aksent står bak utgjevinga.



Håvardspel – slåttar etter Håvard Gibøen
kr. 170,-

Håvard Gibøen er eitt av dei store spelemannsnamna frå Telemark på 1800-talet.Denne plata blei gitt ut i 2009 i samband med 200-årsmarkeringa for fødselen hans. Her er arkivopptak med ti sentrale spelemenn som alle har eit nært forhold til Gibø-tradisjonen. 


 
Olav Haugen: Mitt liv
kr. 180,-

”Mitt liv det har vore så rikt.” Slik heiter det i ei av visene Olav Haugen (f. 1926) syng. Han har hatt eit rikt og aktivt liv med folkemusikk og dans, og har vore ein sterk eksponent for bygdeviser og stev i Telemark. Opptaka på plata spenner over ein lang tidsperiode og viser glimt frå det store viserepertoaret hans.

Telemarkfestivalen: Magiske augneblink
kr. 150,-
Telemarkfestivalen starta opp som internasjonal folkemusikkfestival i 1990. Denne utgjevinga inneheld høgdepunkt frå festivalens ti første år – i solo og samspel.



Tiriltunga: Kåte ungdomsdagar

kr. 170,-
Folkemusikktrioen Tiriltunga var aktiv på 1980- og 90-talet, og gjorde seg særleg bemerka med fleirstemmige vokalarrangement. Denne samleplata blei til i ettertid, og inneheld opptak frå begge plateutgjevingane deira saman med nokre NRK-opptak.



Myllarspel, Landskappleiken 2001

kr. 170,-
Knut Hamre, Terje Christian Hansen, Øystein Romtveit, Leiv Solberg og Lars Underdal spelar slåttar i Myllar-tradisjon. Utgjevinga blei til i samband med Landskappleiken på Rauland 2001 og 200-årsmarkeringa for Myllarguten.

 

Heidi Løvlund: Etterspel
kr. 150,-
Heidi Løvlund (1961-1999) var ein markant person i folkemusikkmiljøet i Telemark. Ho spela på mange strenger, både bokstaveleg og i overført tyding, og hadde eit sterkt og smittande engasjement. Hovuddelen av plata, som blei gitt ut etter at Heidi døydde, er eit amatøropptak frå ein konsert i 1989, der ho utfaldar seg slik berre ho kunne.

Bøker

Storesund, Asbjørn:
Bøheringspelet kr. 450,-
Hardingfeletradisjonen i Bø og nærliggande distrikt. 378 s. Kr. 450,- Dette er ei samla framstilling av speltradisjonen på hardingfele i Bø med greiner ut til bygdene ikring. Boka er gitt ut i 2021 og inneheld ein historisk/biografisk del med omtalar av meir enn hundre utøvarar, og ein del med gjennomgang av slåttematerialet.
 
Kaasa, Halvard (red.):
Spel og dans kr. 150,-
Boka blei gitt ut til Landskappleiken i Bø 1988, som var ei markering av 100-årsjubileet for Landskappleiken. Ho inneheld ei samling artiklar om folkemusikksoga i Telemark, skrivne av fleire av fylkets nestorar på området.
Lønnestad, Kari:
Telemarksviser (inkl. to cd-ar) kr. 450,-
Folkemusikkarkivet i Telemark har gjort eit utval av viser, stev, bånsullar og religiøse folketonar frå samlinga si til denne utgjevinga, som kom i 2012. Her er notar og tekstar, og lydopptak av alle melodiane på to vedlagte cd’ar. Boka inneheld også stoff om songtradisjonen og songkjeldene.