{"id":178,"date":"2023-12-05T09:53:12","date_gmt":"2023-12-05T09:53:12","guid":{"rendered":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/wordpress\/?page_id=178"},"modified":"2024-12-04T09:13:24","modified_gmt":"2024-12-04T08:13:24","slug":"det-ukjente-folkemusikk-telemark","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/tradisjonen\/det-ukjente-folkemusikk-telemark\/","title":{"rendered":"Det ukjente folkemusikk-Telemark"},"content":{"rendered":"\r\n<p><em>Av Kari L\u00f8nnestad<br \/><\/em><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Telemark er eit fylke rikt p\u00e5 folkemusikktradisjonar. Det er vel kjent, og mange sit inne med stor og verdfull kunnskap om tradisjonen. Men ogs\u00e5 her finst det kvite flekkar p\u00e5 kartet. For Telemark er meir enn dei indre bygdene, der hardingfela har vore i h\u00f8gsetet. Kva veit vi eigentleg om musikktradisjonane i dei nedre delane av fylket?<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Eit bes\u00f8k i arkivet<\/strong><br \/>Ein haustdag i 2001 fekk Folkemusikkarkivet i Telemark bes\u00f8k av ein eldre kar. Han hadde tatt bussen til B\u00f8 fr\u00e5 Krager\u00f8, og med seg i veska hadde han ein lydkassett med opptak p\u00e5. Opptaka var med far hans, og dei var gjort av folk i historielaget i Sannidal p\u00e5 1950-talet. \u00c5 f\u00e5 inn gamle private opptak til arkivet er alltid spennande. Dei kan vere av h\u00f8gst varierande kvalitet, men stundom kan det dukke opp interessante ukjende innspelingar som er med p\u00e5 \u00e5 komplettere biletet av tradisjonsmusikken. Og det var nettopp det som skjedde denne novemberdagen d\u00e5 H\u00e5kon Schulze bes\u00f8kte arkivet. Faren, spelemannen Anders Schulze fr\u00e5 Helle, spela vanleg fele, og p\u00e5 kassettbandet var det til saman ni sl\u00e5ttar &#8211; springar, reinlender og polka. Materialet ber preg av \u00e5 vere i slekt med det ein kan h\u00f8yre fr\u00e5 andre sida av fylkesgrensa mot Agder. Ikkje spesielt overraskande, n\u00e5r ein tenker p\u00e5 kor n\u00e6r kvarandre desse omr\u00e5da er geografisk, men fr\u00e5 nedre Telemark er det dessverre dokumentert fint lite av dette, s\u00e5 opptaka med Schulze er slik sett med p\u00e5 \u00e5 fylle ut ein kvit flekk p\u00e5 kartet.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Den vanlege fela<\/strong><br \/>I det heile er det ikkje dokumentert s\u00e5 mykje om spel p\u00e5 vanleg fele i Telemark. Vi veit at dette feleslaget har vore bruka i dei nedre omr\u00e5da av fylket, ogs\u00e5 i Drangedal og Nome, men det ser ut til at dei seinare generasjonane har g\u00e5tt over til andre instrument. Fela var vanleg til dansespel m.a. i bryllaup omlag fram til f\u00f8rste verdskrig, men utover p\u00e5 1900-talet kom nye impulsar med ny musikk og nye dansar som overtok for det gamle. Fleire kan fortelje om ein onkel eller bestefar som spela fele, men sj\u00f8lve har dei satsa p\u00e5 meir moderne instrument som trekkspel eller gitar. Dei eldre danseformene gjekk ut av bruk, og sl\u00e5ttane som vart bruka til dei, gjekk i gl\u00f8ymeboka. Parallellt med dette finn vi dei spelemennene som var knytte til det organiserte spelemannsmilj\u00f8et, som heldt oppe \u201dden nasjonale musikken\u201d og deltok p\u00e5 kappleikar. Men her er det hardingfela som r\u00e5r grunnen, det ser ikkje ut til at den vanlege fela har hatt ein plass p\u00e5 kappleikane i Telemark. Fr\u00e5 Drangedal kjenner vi til at hardingfela vart teke i bruk relativt seint. Tor Homleid, som var aktiv spelemann p\u00e5 kappleikar og elles p\u00e5 1950-talet og framover, bruka berre hardingfele, men kjende godt til spelemenn i omr\u00e5det tidlegare som bruka den vanlege fela.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Fleire gamle opptak?<\/strong><br \/>Anders Schulze var mest aktiv som spelemann f\u00f8r krigen, og han spela b\u00e5de fele og durspel. Det vesle vi har av opptak med han vitnar om at han har spela til dans, for spelet er friskt og taktfast. Forutan springarar og runddanssl\u00e5ttar spela han ogs\u00e5 rilar, fortel familien. I 1939 skal han ha spela inn for NRK saman med Martinius Nes, som spela harpeleik. Det er uvisst om desse opptaka finst i dag. Men ein kan d\u00e5 h\u00e5pe \u2013 kanskje dukkar dei opp ein vakker dag, b\u00e5de desse og andre spennande gamle opptak fr\u00e5 det ukjente folkemusikk-Telemark.<\/p>\r\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Av Kari L\u00f8nnestad Telemark er eit fylke rikt p\u00e5 folkemusikktradisjonar. Det er vel kjent, og mange sit inne med stor og verdfull kunnskap om tradisjonen. Men ogs\u00e5 her finst det kvite flekkar p\u00e5 kartet. For Telemark er meir enn dei indre bygdene, der hardingfela har vore i h\u00f8gsetet. Kva veit vi eigentleg om musikktradisjonane i [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":27,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-178","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/178","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=178"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/178\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":304,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/178\/revisions\/304"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/27"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=178"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}