{"id":182,"date":"2023-12-05T09:55:41","date_gmt":"2023-12-05T09:55:41","guid":{"rendered":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/wordpress\/?page_id=182"},"modified":"2024-10-11T12:48:59","modified_gmt":"2024-10-11T11:48:59","slug":"litt-om-langeleiksoga-spesielt-i-telemark","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/litt-om-langeleiksoga-spesielt-i-telemark\/","title":{"rendered":"Litt om langeleiksoga, spesielt i Telemark"},"content":{"rendered":"\n
Kari L\u00f8nnestad<\/em><\/p>\n\n\n\n
<\/p>\n\n\n\n
Langeleiken h\u00f8yrer til gripebrettcitherane, og stammar truleg fr\u00e5 monokordet, eit strengeinstrument som m.a. vart nytta til undervisning. Fr\u00e5 monokordet har det i seinmellomalderen utvikla seg instrument som har f\u00e5tt sine lokale utformingar i ulike land i Europa. Den tyske komponisten og musikkforskaren Michael Praetorius har i det teoretiske verket Syntagma Musicum fr\u00e5 1615-20 ei stor oversikt over eksisterande musikkinstrument p\u00e5 den tida, med omtale og illustrasjonar. Eitt av desse er eit strengeinstrument han kallar Scheitholt, som har store likskapar med langeleiken. Variantar av dette instrumentet har p\u00e5 1600-talet vore kjende i mange europeiske land, med noko varierande utsj\u00e5nad, strengetal og speleteknikk.<\/p>\n\n\n\n
Den nordiske langeleiken er kjend fr\u00e5 Noreg, Sverige, Danmark og Island, men berre i v\u00e5rt land har tradisjonen halde seg ubroten fram til i dag. Instrumentet ser ut til \u00e5 ha hatt ei blomstringstid p\u00e5 1600-talet, men kjelder som har kome fram i seinare tid, kan tyde p\u00e5 at det har vore kjent minst hundre \u00e5r tidlegare. Eldste daterte langeleik i Noreg vart oppdaga i privat eige p\u00e5 Vardals\u00e5sen ved Gj\u00f8vik for nokre \u00e5r sidan. Instrumentet har innskrifta 1524, men det har vore diskutert om dateringa kan vere ekte. Elles finst det fire daterte instrument fr\u00e5 siste del av 1600-talet, men ogs\u00e5 mange udaterte instrument som kan ha like h\u00f8g, eller h\u00f8gare, alder.
Langeleiken er omtalt i ein del skriftlege kjelder. Den eldste av desse er fr\u00e5 rettssaka i samband med avsettinga av biskop Anders Arreboe i 1622. Biskopen vart avsett fordi han skulle ha vist us\u00f8meleg framferd, m.a. ved eit bryllaup i Hemne i S\u00f8r-Tr\u00f8ndelag i 1619. Eit vitne i saka nemner at ei jente spela \u201dLangespil\u201d i bryllaupet, og at instrumentet vart nytta til dans. (Ringve, 87:14).
Det er grunn til \u00e5 tru at langeleiken var kjend over store delar av landet p\u00e5 denne tida, og at det var vanleg \u00e5 nytte han til dansespel. Fr\u00e5 1700-talet er han omtalt i mange kjelder, men utover i dette hundre\u00e5ret ser det ut til at han gradvis blir fortrengt av fele og hardingfele. Desse er meir lydsterke enn langeleiken, og gjev ogs\u00e5 andre h\u00f8ve til musikalsk utforming. P\u00e5 1800-talet er langeleiken p\u00e5 veg ut, og mange stader heilt ute av bruk, og det er s\u00e6rleg i Valdres at instrumentet held stand i forhold til hardingfela. Her finn me framst\u00e5ande ut\u00f8varar som vidareutviklar spelet og reiser p\u00e5 spelferder, slik elles mange hardingfelespelemenn gjorde. Langeleikspelet i Valdres har halde fram i ubroten tradisjon fram til v\u00e5r tid. Etter ein periode med l\u00e5gare status, tok interessa seg opp att, og distriktet har i dag mange aktive ut\u00f8varar som tildels ogs\u00e5 har fornya og vitalisert tradisjonen.<\/p>\n\n\n\n
Ogs\u00e5 i Telemark viser diverse skriftlege kjelder at langeleiken var eit vanleg kjent instrument tidlegare. T.d. skriv presten H. J. Wille i 1786 om forholda i Seljord. Han nemner ulike instrument som er bruka i bygda, mellom dei \u201dLangeleeg, en huul og lang Kasse med nogle Messingstr\u00e6nger, hvorpaa man spiller med en Tr\u00e6pind, og forandrer Tonerne ved at lade Fingeren gaae frem og tilbage paa den forreste Str\u00e6ng\u201d (Wille, 1786:125).
Den eldste dokumentasjonen fr\u00e5 Telemark som inneheld namngjevne ut\u00f8varar, finn me i M. B. Landstads Gamle Sagn om Hjartd\u00f8lerne, utgjeve i 1880. Der st\u00e5r det om prestekona Sissel (Cecilie Arnesdatter) Lind at ho kunne \u201dspille paa Langeleeg, i den Kunst var hun umfram alle andre. Om S\u00f8ndagerne, naar presten var i Tudal eller Gransherred, samlede Bygdens Piger sig i Prestegaarden for at h\u00f8re Mor Sissel laate paa Langeleeg\u201d (Landstad, 1880:57f). Sissel Lind d\u00f8ydde i 1717, i h\u00f8g alder, s\u00e5 skildringa er truleg fr\u00e5 siste halvdel av 1600-talet.<\/p>\n\n\n\n
Kjem me n\u00e6rare v\u00e5r tid, er det meir rikeleg med kjeldemateriale. I bygdeb\u00f8ker og andre kjelder er det omtalt omlag 70 telemarkingar som skal ha spela langeleik, omlag 60 av desse er namngjevne og sikre. Ein av dei mest omtalte er Ingebj\u00f8rg Torsteinsdotter Rinde (1761-1847) fr\u00e5 Rinde i \u00c5motsdal. Ho m\u00e5 ha vore godt kjend i Telemarks-bygdene i samtida si, skal ein d\u00f8me etter alle utsegnene som finst om henne. Ho vart kalla Dauvens-Ingebj\u00f8rg, eller Dauva, avdi mannen hennar vart dauv. Dette noko misvisande namnet har seinare blitt hengande ved henne. Dauvens-Ingebj\u00f8rg reiste mykje ikring p\u00e5 bygdene med spelet sitt, ho skal end\u00e5 ha vore like til Christiania. Etter at mannen hennar d\u00f8ydde, har ho delvis livn\u00e6rt seg ved dette, og ho kan s\u00e5leis samanliknast med fleire av langeleikspelarane i Valdres. Dei mange utsegnene vitnar om at ho gjorde inntrykk, b\u00e5de med spelet sitt, den vakkert utskorne leiken og med heile sitt vesen. Ein kjenner ikkje til at det vart skrive ned sl\u00e5ttar etter henne (ho d\u00f8ydde d\u00e5 \u00f2g nettopp p\u00e5 den tida d\u00e5 innsamlinga kom i gang for alvor), men omlag 16 sl\u00e5ttar er namngjevne.
Fr\u00e5 Tinn finst det mange utsegner om langeleikspelaren \u00c5got Einung (1831-1911). Ho hadde spelet i familietradisjon fr\u00e5 mange generasjonar bakover, og hadde ogs\u00e5 arva leiken etter oldemor si. Leiken finst i dag p\u00e5 Tinn museum, saman med ein flott dansehest. Slike figurar, som vart festa med ei snor til plekterhanda og som ved hjelp av eit lite stativ kunne danse til spelet, er kjende fr\u00e5 fleire stader. Oftast var det ei lita dokke som vart bruka, ei slik er ogs\u00e5 omtalt fr\u00e5 Vest-Telemark. Innsamlaren Catharinus Elling var hos \u00c5got Einung, og han skal m.a. ha notert ned sl\u00e5ttar etter henne, men det er ikkje kjent kvar desse nedskriftene er.
Omlag samstundes med \u00c5got Einung finn me ein familie i Rauland som var kjend for langeleikspel. Dei vart kalla Myringane, etter plassen der dei budde, og b\u00e5de foreldra og fleire av s\u00f8nene spela langeleik. Ein av s\u00f8nene var Andres Lauv\u00e5s (1841-1922), som Eivind Groven skreiv ned sl\u00e5ttar etter i 1920. Lauv\u00e5s var d\u00e5 ein gamal mann, og hugsa ikkje lenger alle sl\u00e5ttane han haddde kunna tidlegare. Han hadde m\u00f8tt Dauvens-Ingebj\u00f8rg, men var berre sm\u00e5guten d\u00e5 ho d\u00f8ydde. Ein av sl\u00e5ttane hans skal vere etter henne, men elles hadde han nok spelet hovudsakleg fr\u00e5 faren, Olav Gunnarson Soterud, som kom fr\u00e5 Seljord. Andres Lauv\u00e5s var den siste i Rauland som spela langeleik i levande tradisjon.<\/p>\n\n\n\n
Det omr\u00e5det i Telemark der langeleikspelet heldt seg lengst, er Landsmarka og Holla-heia mellom Lunde og Ulefoss i Midt-Telemark. I dette isolerte heiomr\u00e5det, der det tidlegare var bufaste mange stader, viser det seg at dei heldt b\u00e5de lur- og langeleikspelet i hevd etter at hardingfela for lengst hadde overtatt dominansen i dei st\u00f8rre bygdene. Fr\u00e5 tidleg p\u00e5 1800-talet er det to namngjevne langeleikspelarar herfr\u00e5, Johannes Torstenson Kleiverud fr\u00e5 Fl\u00e5bygd og Eirik Thomassen Plassen fr\u00e5 Landsmarka. Sistnemnde vart kalla Langeleikguten, og reiste ein del rundt og spela. Fr\u00e5 Holla-heia h\u00f8yrer me om Jens \u00d8ya (f. 1811) og fleire spelarar i Brennebu-familien, m.a. Jens Brennebu (1829-1904) og Karen Brennebu (1867-1935). Rikard Berge skriv i 1921, etter samtale med kommand\u00f8rsersjant Peder Kristensen Dalen fr\u00e5 Holla:<\/p>\n\n\n\n
Den fyrste kappleik nokon kjenner til stod paa Furustul i Holla i juni 1882. Doktor Rosen i Larvik fekk kappleiken i stand. Dei kappa paa leik og lur. Fyrste premi paa langeleik fekk Jens \u00d8ya, og paa lur fekk eit kvende fraa Timland i M\u00e6lum. Jens var daa gamal. Langeleiken hans hadde han gjort sj\u00f8lv ikr. 1840. … Jens Brennebu spela godt langeleik, men han var ikkje naame n\u00e6re god som Jens \u00d8ya. … Best av alle han hev h\u00f8yrt og langt betre enn t.d. Kari Rudi var Jens \u00d8ya …, men han spela lite for folk. (Berge, bok 284:98f)<\/p>\n\n\n\n
Karen Brennebu og tvillingbroren Ole Petter deltok ogs\u00e5 p\u00e5 denne kappleiken. Dei var d\u00e5 berre 15 \u00e5r gamle, men fekk premie for spelet sitt. I generasjonen etter desse var det Lina Holte (1893-1970) og Arthur Vibeto (1906-1971) som f\u00f8rte vidare langeleikspelet. Med begge desse finst det lydbandinnspelingar, gjort p\u00e5 1950- og 60-talet, og dette er dei eldste opptaka som finst av langeleikspel i Telemarks-tradisjon. Lina Holte l\u00e6rte som jentunge spel av Karen Brennebu, medan Arthur Vibeto hadde sl\u00e5ttane fr\u00e5 mora, som tralla dei. Vibeto var elles kjend for \u00e5 lage langelur, ei kunst han hadde fr\u00e5 faren og bestefaren.
Den siste p\u00e5 Holla-heia som har langeleikspelet i levande tradisjon, er Anne Milly Teksle. Ho er barnebarn av Ole Petter Brennebu, og har l\u00e6rt litt spel av mor si. Ho representerer alts\u00e5 den siste tynne lina me har av levande langeleiktradisjon i Telemark. Gledeleg var det \u00e5 oppdage at han faktisk ikkje var utd\u00f8ydd, sj\u00f8lv om interesssa har ligge nede i mange \u00e5r.<\/p>\n\n\n\n
Kjelder:<\/p>\n\n\n\n
Aksdal, Bj\u00f8rn: \u201dStrengeinstrumentene\u201d i Fanitullen, Oslo 1993.
Berge, Rikard: Upubliserte manuskript, bok nr. 24. Telemark Museum.
Bitust\u00f8yl, Kjell: \u201dLangeleiken \u2013 burtgl\u00f8ymd og lite p\u00e5akta\u201d i Fj\u00f8llmannjenta, utgitt av Landskappleiken 1994.
Bitust\u00f8yl, Kjell: \u201dLangeleiken i Telemark \u2013 m\u00e5 historia skrivast om?\u201d i \u00c5rbok for Telemark 1995.
Hedlund, Gerhard: \u201dLangleikspillerne p\u00e5 Holla-heia\u201d i Holla-minner 1989 utgitt av Holla historielag.
Hovden, Knut K.: \u201dLangleikspilar fr\u00e5 Telemark\u201d i Norig 15\/07 1912.
Landstad, M. B.: Gamle sagn om Hjartd\u00f8lerne. Christiania 1880.
Ringve Museum: Leve langeleiken. Utgitt i samband med utstilling 1987.
Wille, Hans Jacob: Beskrivelse over Sillejords Pr\u00e6stegield. Ki\u00f8benhavn 1786.<\/p>\n\n\n\n
Artikkelen bygger p\u00e5 s\u00e6remne ved Universitetet i Oslo 1997.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"
Kari L\u00f8nnestad Langeleiken h\u00f8yrer til gripebrettcitherane, og stammar truleg fr\u00e5 monokordet, eit strengeinstrument som m.a. vart nytta til undervisning. Fr\u00e5 monokordet har det i seinmellomalderen utvikla seg instrument som har f\u00e5tt sine lokale utformingar i ulike land i Europa. Den tyske komponisten og musikkforskaren Michael Praetorius har i det teoretiske verket Syntagma Musicum fr\u00e5 1615-20 […]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-182","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/182","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=182"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/182\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":183,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/182\/revisions\/183"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=182"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}