{"id":184,"date":"2023-12-05T09:56:28","date_gmt":"2023-12-05T09:56:28","guid":{"rendered":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/wordpress\/?page_id=184"},"modified":"2024-12-04T09:38:04","modified_gmt":"2024-12-04T08:38:04","slug":"storesau-lauvik-og-lardalsbryggja","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/storesau-lauvik-og-lardalsbryggja\/","title":{"rendered":"Storesau Lauvik og L\u00e5rdalsbryggja"},"content":{"rendered":"\r\n<p>Av <em>Arne T. Aab\u00f8<\/em><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>&nbsp;<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Som sikkert mange kjenner til, er yverskrifti til denne vesle artikkelen namnet p\u00e5 tvo sl\u00e5ttar p\u00e5 hardingfele. Um upphavsmannen og bakgrunnen for namnet p\u00e5 slike gamle sl\u00e5ttar er det alltid vanskeleg \u00e5 seia noko visst. Tradisjonen er ikkje alltid like trygg \u00e5 lite p\u00e5, og mistydingar og forvekslingar kan ha kome til undervegs. N\u00e5r eg no v\u00e5gar meg til \u00e5 skrive litt um desse tvo sl\u00e5ttane fr\u00e5 Vest- Telemark, so hev det si \u00e5rsak i nye og forvitnelege upplysningar som eg nyss kom yver. Millom ei mengd nedteikningar av tradisjonsstoff etter Rikard Berge, som det er kopiar av p\u00e5 Akademiet p\u00e5 Rauland, fann eg ymse spilemannssogur som han hadde skrive ned etter spilemannen Tarjei Tvigyva ( 1853 \u2013 1926 ) i L\u00e5rdal i 1903. Iblant alt det andre fortel han ogso um desse tvo sl\u00e5ttane.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Storesau Lauvik er ein springar som hev namnet sitt fr\u00e5 Lauvik i Skafs\u00e5. Lauvikgardane ligg millom L\u00e5rdal og Dalen p\u00e5 sudsida av Bandak. Sl\u00e5tten var i ferd med \u00e5 bli burtgl\u00f8ymd tidleg p\u00e5 1900- talet, men til all lukke sikra Eivind Groven seg ei notenedteikning av sl\u00e5tten etter Tarjei Tvigyva i 1921. I dag hev me soleis b\u00e5de notur og upptak av Eivind slik at han er berga for ettertidi. Um det merkelege sl\u00e5ttenamnet hev ingen havt noko sikkert \u00e5 seia. Jamvel kvedaren Talleiv R\u00f8ysland, som sat inne med so mange sogur og segnir i tillegg til alle visune og sl\u00e5ttestevi sine, visste ikkje noko her. Den vanlege forklaringi hev vore at Storesau m\u00e5 ha vore eit venamn, eller klengjenamn, p\u00e5 ein kar fr\u00e5 Lauvik.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>D\u00e5 er det at den yver 100 \u00e5r gamle avskrifti etter Rikard Berge kjem oss i m\u00f8te. Tarjei Tvigyva hev fortalt honom um ein spilemann i Bandakslid som gjekk under namnet av Barbeinen. Rette namnet hans var fr\u00e5 fyrst av \u00c5nund Hansson Evju. \u00c5nund var god spilemann\u00a0 for kring 50 \u00e5r sidan, fortalde Tarjei den gongen, og vidare: \u201dHan dikta ein sl\u00e5tt heiter Storesau Lauvik, um ein medgjetin sau paa Lauvik; sauen fekk trinlingar kvart einaste aar og var so stor og sv\u00e6r. Ein annan dikta\u2019n um sjauing og lyfting p\u00e5 bryggjune het Laardalsbryggja\u201d. \u201dNokso ungt motiv\u201d, hev Rikard f\u00f8ya til i ein parantes etterp\u00e5. Vidare skriv han: \u201d- son aat \u00c5nund het Hans- han var au spilemann. Honom l\u00e6rde Tarjei av. \u00c5nund spila ein sl\u00e5tt f\u00f8r\u2019n d\u00f8e. \u201dD\u2019\u00e6 s\u00f8nd at slike tonar sko rotne i jor\u2019, sa\u2019n\u201d.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Som me ser, er det heilt nye upplysningar um desse tvo sl\u00e5ttane som hev kome fram. Fr\u00e5 sl\u00e5ttesoga kjenner me fleire d\u00f8me p\u00e5 at hestar hev gjeve namn til sl\u00e5ttar, men at ein sau hev vore upphav til sl\u00e5ttenamn, er ukjent for meg. Men so var det heller ikkje kvardagskost at ein sau fekk tri lam \u00e5r etter \u00e5r p\u00e5 denne tidi.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>N\u00e5r det gjeld springaren L\u00e5rdalsbryggja, hev forklaringi p\u00e5 namnet vore at Myllarguten ein gong kom med b\u00e5ten til L\u00e5rdal. P\u00e5 bryggja var mange menneske samla, og deriblant fleire spilemennar. Myllaren kom med ein ny sl\u00e5tt som han spila uppatt og uppatt, og spilemennane ville gjerne l\u00e6re denne sl\u00e5tten. Folk tok til \u00e5 danse p\u00e5 bryggja, og slik heldt dei p\u00e5 heilt til morgonen og solstr\u00e5lane n\u00e5dde fram yver Tris\u00e6tnibba.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>At det var Barbeinen som skulle ha laga denne sl\u00e5tten, er elles ikkje noko nytt. Dette fortalde spilemannen Tj\u00f8stov Lofthus ( 1891- 1970 ) i Eidsborg meg for meir enn 40 \u00e5r sidan, men d\u00e5 var namnet Barbeinen knytt til sonen, Hans \u00c5nundsson Klokkarkosi, som bar same tilnamnet som faren.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Um desse tvo spilemennane, far og son, i Bandakslid kan det vera verdt \u00e5 fortelje litt meir.<br \/>Dei hev ikkje kome so i upprop som dei kan hende hadde fortent. \u00c5nund Hansson\u00a0 var komen fr\u00e5 plassen Evju under Tveitan i \u00d8vre B\u00f8 og var f\u00f8dd i 1799. Han var um lag jamaldring med Myllarguten, og det er grunn til \u00e5 tru at dei kjendest fr\u00e5 unge \u00e5r. \u00c5nund gifte seg med ei jente het Kari og busette seg p\u00e5 ein plass som heitte K\u00e5sa, eit ikkje uvanleg namn i B\u00f8herad. Dei fekk tvo born i lag, Hans f\u00f8dd i 1828 og Kjersti f\u00f8dd i 1829. Kari d\u00f8ydde tidleg, og \u00c5nund drog d\u00e5 til Skafs\u00e5\u00a0 og gifte seg att der i 1835 med ei enkje, Kari Torsteinsdtr., som upphaveleg hadde kome fr\u00e5 Gunheim i Sauherad. Dei fekk tri born saman, Torstein, Johannes og \u00c5nund, og det er \u00e6tt uppe etter desse.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Det kan elles vera forvitneleg \u00e5 nemne at \u00c5nund hadde ei syster som heitte Tore. Ho vart gift med Gunnar Halvorsson Mogane i B\u00f8, og desse er besteforeldri til storspilemennane Hans og Lars Fykerud. So her rann det nok mykje spilemannsblod i \u00e5rune.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>At \u00c5nund fekk tilnamnet Barbeinen, kom visstnok av at han spende av seg skorne og sat berrf\u00f8tt \u00e5 spila til dans. Men \u00c5nund vart ikkje gamal. Han d\u00f8ydde alt i 1838, berre 39 \u00e5r gamal. D\u00e5 var Hans berre 10 \u00e5r gamal, og sj\u00f8lv um han truleg tok tidleg til med fela, var det nok ikkje mykje han fekk l\u00e6re beinveges av far sin.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Hans vart ogso ein god spilemann, etter det eg hev fenge fortalt, og han tok vare p\u00e5, og spila mykje, dei sl\u00e5ttane som faren skulle ha laga. Soleis l\u00e6rde Tarjei Tvigyva b\u00e5de Storesau Lauvik og L\u00e5rdalsbryggja av honom. Kjeringi hans, Tone, var 16 \u00e5r eldre enn honom, og dei hadde ikkje born. Hans d\u00f8ydde p\u00e5 S\u00f8gard Lauvik i 1896 og er gravlagd ved L\u00e5rdal kyrkje slik som so mange andre fr\u00e5 Bandakslidsida. Tone hadde d\u00f8ydd tri \u00e5r fyre. Systeri Kjersti d\u00f8ydde ugift p\u00e5 Hangehomen i 1909. Eg hev r\u00f8dd med folk som minnest henne.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Hans budde lenge p\u00e5 Klokkarkosi. Det er ein liten plass som ligg heilt nede ved Bandak, um lag der vegen i dag tek av upp til Barskor. Stogumuren og kjellartufti synest godt framleis, men elles er mykje av jordet \u00f8ydelagt i samband med byggingi av vegen fr\u00e5 Dalen til Lauvik.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>D\u00e5 eg denne vinterdagen sat p\u00e5 Raulandsakademiet og las med undring og age nedteikningane etter Rikard Berge, slo tanken meg at dette m\u00e5tte vera ei p\u00e5minning. For det fyrste vart det ei p\u00e5minning um det umfattande og verdfulle samlararbeidet han gjorde, og at alle med syn for den gamle soga burde taka seg tid til \u00e5 sj\u00e5 meir p\u00e5 dette. For det andre vart det ei p\u00e5minning um at me ogso i dag, i ein elles annsam kvardag, burde gaume meir etter segnir og sogur som dei gamle millom oss framleis sit inne med. Det er ikkje berre tonar som er \u201ds\u00f8nd sko r\u00f8tne i jor\u2019\u201d, for \u00e5 seia det med \u00c5nund Barbeinen sine ord.<\/p>\r\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Av Arne T. Aab\u00f8 &nbsp; Som sikkert mange kjenner til, er yverskrifti til denne vesle artikkelen namnet p\u00e5 tvo sl\u00e5ttar p\u00e5 hardingfele. Um upphavsmannen og bakgrunnen for namnet p\u00e5 slike gamle sl\u00e5ttar er det alltid vanskeleg \u00e5 seia noko visst. Tradisjonen er ikkje alltid like trygg \u00e5 lite p\u00e5, og mistydingar og forvekslingar kan ha [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-184","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/184","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=184"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/184\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":317,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/184\/revisions\/317"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=184"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}