{"id":188,"date":"2023-12-05T09:58:33","date_gmt":"2023-12-05T09:58:33","guid":{"rendered":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/wordpress\/?page_id=188"},"modified":"2024-12-04T09:31:13","modified_gmt":"2024-12-04T08:31:13","slug":"hardingfelespelet-tradisjonslinene","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/hardingfelespelet-tradisjonslinene\/","title":{"rendered":"Hardingfelespelet &#8211; tradisjonslinene"},"content":{"rendered":"\r\n<p>&nbsp;<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><em>Av Herdis Lien<\/em><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Hardingfela kom truleg til Telemark p\u00e5 slutten av 1600 \u2013 byrjinga av 1700-talet. Rikard Berge nemner at Tore Knaben fr\u00e5 Fjotland som kom flyttande til Kvambekk i \u00c5motsdal tidleg p\u00e5 1700-talet hadde med seg b\u00e5de fele og langeleik. Ser ein dette i h\u00f8ve til at den eldste hardingfela me kjenner til, J\u00e5stadfela, er fr\u00e5 1651, har instrumentet kome tidleg til \u00f8vre Telemark. Me veit ogs\u00e5 at det ikkje sv\u00e6rt mykje seinare er nemnt felemakarar p\u00e5 Seljordsheia.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Musikken er truleg eldre. F\u00f8r fela vart vanleg, vart sl\u00e5ttane spela p\u00e5 fl\u00f8yter, munnharpe eller langeleik, eller rett og slett \u201dtulla\u201d(tralla).<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Tyngdepunktet for hardingfelemusikken l\u00e5g lenge i Hardanger, men flytte seg rundt 1850 til Telemark.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Tradisjonslinene<\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Med tradisjonsliner forst\u00e5r ein b\u00e5de slektsliner og liner som kan trekkast p\u00e5 bakgrunn av det ein veit om vegen dei ulike sl\u00e5ttane og typene innan sl\u00e5ttemusikken har vandra og blitt vidaref\u00f8rde gjennom generasjonane.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Spelet i Telemark kan tradisjonelt delast inn i tre hovudliner, Gib\u00f8 &#8211; , Myllar- og Fykerudlina. Gjennom tida har det ut fr\u00e5 desse utvikla seg mange ulike retningar i spelet, men grunnlaget kan seiast \u00e5 ligge i desse linene.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Gib\u00f8-lina<\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Gib\u00f8-spelet eller Tinnspelet som det ogs\u00e5 har blitt kalla, finst i dag mest i austre og \u00f8vre(nordre) delar av Vest-Telemark, samt i Tinn. Noko har ogs\u00e5 vandra til Tuddal.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Gib\u00f8spelet er kjenneteikna av forholdsvis enkle, stutte sl\u00e5ttar og vek, med gamal tonalitet og d\u00e5m. Sl\u00e5ttane er ofte rolege, lyriske og spela p\u00e5 nedstilt bas (GDAE), og kan vel karakteriserast som mollprega.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Spelemennene<\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Brynjulv Olsson(ca. 1700-)<\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>er den f\u00f8rste omskrivne storspelemannen i Telemark. Han kom opprinneleg fr\u00e5 Numedal, og verka som fehandlar og spelemann. Brynjulv Olsson vart gift og busette seg i Tinn, og fekk 18 barn. Han var forpaktarspelemann i Tinn og omeign. Dette tyder at stadsmusikanten hadde gjeve han einerett p\u00e5 speling i bryllaup eller andre tilstellingar i omr\u00e5det. I Vest- Telemark hadde Jon Kjos eineretten p\u00e5 spel.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Gjennom sonen<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong><u>Knut Brynjulvsson S\u00f8nstaul (1771-1863)<\/u>,<\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>H\u00f8lje Leikanrud (1759-?)<\/strong>\u00a0og<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Jon Kvammen(Kjos)(1754-1826)<\/strong>\u00a0fekk<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Knut Luraas(1782-1843)<\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>l\u00e6re det gamle spelet. Han var spelemann og rosem\u00e5lar, ein yrkeskombinasjon som ved sida av \u00e5 vera spelemann og skreddar var sv\u00e6rt vanleg. Knut Luraas hadde to br\u00f8r, \u00d8ystein og Tomas, som begge dreiv med rosem\u00e5ling. Tomas spela klarinett, og skal ha spela saman med hardingfela. Dette m\u00e5 truleg mest ha vore milit\u00e6rmarsjar, da det var der han hadde l\u00e6rt klarinettspelet.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Tomas Luraas sat i mange \u00e5r fengsla p\u00e5 Akershus festning for \u00e5 ha drive med trykking av falske pengar.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Knut Luraas reiste mykje rundt med spel og m\u00e5ling. P\u00e5 denne m\u00e5ten kom han i kontakt med spelemenn fr\u00e5 andre distrikt og l\u00e6rde av desse. Slik fekk han ogs\u00e5 impulsar til \u00e5 vidareutvikle spelet sitt. Rikard Berge har gjeve han \u00e6ra for \u00e5 ha \u201dlyft bygdespelet opp til landskunst\u201d.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Av spelemenn ein veit Knut Luraas hadde kontakt med, kan nemnast Nils Rekve fr\u00e5 Voss, J\u00f8rn Hilme fr\u00e5 Valdres og l\u00f8ytnantsdrengene i Numedal.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Det viktigaste ved Knut Luraas i denne samanhengen er likevel at han var ein av dei som l\u00e6rde opp H\u00e5vard Gib\u00f8en. Knut Luraas d\u00f8ydde p\u00e5 Kongsbergmarken i 1843.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>H\u00e5vard Gib\u00f8en(1809-1873)<\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>H\u00e5vard Gib\u00f8en var f\u00f8dd og voks opp p\u00e5 garden Gib\u00f8en p\u00e5 M\u00f8sstrond. Oldefar hans var Tore Knaben fr\u00e5 Fjotland som er nemnd tidlegare. Far til H\u00e5vard hadde fele, og spela truleg ogs\u00e5, utan at ein veit om han var nokon stor spelemann. Mor til H\u00e5vard, \u00c5sne, var religi\u00f8s, og likte ikkje at han fekk interesse for spel. Bestemor Barbro, derimot, sytte for at guten fekk lov \u00e5 pr\u00f8ve seg p\u00e5 fela til faren.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Knut Luraas var ofte innom p\u00e5 Gib\u00f8en n\u00e5r han var p\u00e5 spelferder, og han skaffa H\u00e5vard ei lita fele, og l\u00e6rde han sl\u00e5ttespel. Seinare l\u00e6rde H\u00e5vard ogs\u00e5 av \u00d8ystein Langedrag fr\u00e5 Seljord, og av Myllaren.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>H\u00e5vard vart gift med Mari Eika fr\u00e5 B\u00f8. Livet vart ikkje lett for Mari og H\u00e5vard, det var mykje armod og slit, og dei m\u00e5tte flytte fleire gonger. Han arbeidde som sl\u00e5ttekar og spelemann. Det finst ikkje bilete av H\u00e5vard Gib\u00f8en, det vert sagt at dette er fordi han leid av den s\u00e5kalla \u201dratesjuken\u201d, ein sjukdom som mellom anna f\u00f8rde til at nasen vart deformert eller borte.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>H\u00e5vard spela mykje i lag med Myllaren. B\u00e5de spelestil og lynne m\u00e5 ha vore ulikt, Rikard Berge seier at \u201dH\u00e5vard var den stille straumen, Myllaren den brusande fossen\u201d. H\u00e5vard reiste heller aldri langt av stad med spelet sitt. Repertoaret var s\u00e6rleg gangarar og sl\u00e5ttar p\u00e5 nedstilt bas.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Kjetil H\u00e5vardson(1842-1919)<\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Etter soga l\u00e6rde ikkje Kjetil H\u00e5vardson spel av far sin. Likevel l\u00e6rde han seg det gamle spelet p\u00e5 anna vis, og f\u00f8rde det vidare b\u00e5de til Smedalbr\u00f8rne, til sonen Knut V\u00e5gen og til andre lokale spelemenn som har vore med p\u00e5 \u00e5 halde det gamle Gib\u00f8spelet levande blant spelemenn p\u00e5 M\u00f8sstrond.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Knut Dahle(1834-1921)<\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Knut Dahle var oldebarn av Knut S\u00f8nstaul. Han budde i Bakjordet i Atr\u00e5, og var eit samlingspunkt for spelemenn i heile fylket. Fr\u00e5 han var liten l\u00e6rde han av Olav H\u00e5kanes, H\u00f8lje F\u00f8rli og tildels ogs\u00e5 av gamle Hans Fykerud. F\u00f8rli og H\u00e5kanes hadde l\u00e6rt av Knut Luraas, H\u00e5vard Gib\u00f8en og Knut S\u00f8nstaul.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Fr\u00e5 han var i 16-\u00e5rsalderen l\u00e6rde Knut spel direkte fr\u00e5 H\u00e5vard Gib\u00f8en. Knut Dahle er kjend for gode sl\u00e5tteformer og godt dansespel. Han var sv\u00e6rt n\u00f8ye med at spelet skulle vera \u201dkorrekt\u201d, ein tradisjon som har halde seg i denne lina fram til i dag. Etter inspirasjon fr\u00e5 Myllarguten, laga han sl\u00e5tten \u201dRjukanfossen\u201d.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Knut Dahle fekk 4 barn. Sonen Knut var ein god kvedar, og vart far til dei seinare storspelemennene Johannes og Gunnar.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Knut Dahle l\u00e6rde vidare til s\u00f8nes\u00f8nene, Lars Fykerud, Vesle-Hans Fykerud, Svein L\u00f8ndal og Torkjell Haugerud. Han reiste p\u00e5 fleire konsertreiser i nabobygdene og spela i mange gjestebod. Han var ogs\u00e5 i Amerika p\u00e5 spelferd i 4 \u00e5r.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Mot slutten av 1800-talet var det d\u00e5rleg med spelemenn som kunne ta vare p\u00e5 dei gamle tradisjonane i Tinn. Den nye tida hadde gjort sitt inntog, og interessa for felemusikken var ikkje som f\u00f8r. Knut Dahle var uroa for at sl\u00e5ttane skulle bli borte, og skreiv til Edvard Grieg og bad han ordne det slik at sl\u00e5ttane kunne bli skrivne ned p\u00e5 notar. Etter ein del om og men der Grieg truleg ikkje tok denne landsens spelemannen heilt alvorleg, vartdet til at grieg i 1901 gav kapellmester Johan Halvorsen i oppdrag \u00e5 skrive ned sl\u00e5ttane etter Knut. Grieg vart oppgl\u00f8dd over musikken, og skreiv verket \u201dSl\u00e5tter \u2013 op. 72\u201d med bakgrunn i desse nedteikningane.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Samlaren Arne Bj\u00f8rndal fr\u00e5 Bergen var ogs\u00e5 seinare og skreiv ned sl\u00e5ttaretter Knut Dahle. Det vart ogs\u00e5 gjort voksrullopptak med Knut i 1912 og \u201315.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Johannes Dahle(1890-1980)<\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>l\u00e6rde spel av bestefaren Knut Dahle. Han var s\u00e6rs st\u00f8 i tradisjonen, og hadde stor sl\u00e5tterikdom. Enkelte kjelder hevdar at han kunne fleire hundre sl\u00e5ttar og sl\u00e5tteformer. I tillegg til desse har han sj\u00f8lv dikta bortimot 60 nye sl\u00e5ttar. Desse har etterkvart g\u00e5tt inn i tradisjonen. Johannes dahle spela hardingfele i kyrkja alt i 1925. Han vann landskappleik i 1920-\u00e5ra, og fekk Kongens gull for spelemannsgjerninga si. Han var ogs\u00e5 med og stifta Tinn Spelemannslag.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Gunnar Dahle(1902-1988)<\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Mykje brukt dansespelemann som ogs\u00e5 hadde l\u00e6rt av johannes. Han arbeidde i mange \u00e5r p\u00e5 Hydro, og det vart lite spel i desse \u00e5ra.Men n\u00e5r han f\u00f8rst kom i lag kunne han spela i dagevis. Gunnar Dahle var sv\u00e6rt streng p\u00e5 at sl\u00e5ttane skulle l\u00e6rast \u201drett\u201d. Han hadde ogs\u00e5 eit stort repertoar av runddanssl\u00e5ttar og folkeviseleik. Gunnar Dahle var leiar i Tinn Spelemannslag i 50 \u00e5r, og fekk Kongens fortenestemedalje i s\u00f8lv. I 1959 var han p\u00e5 konsertturne i Berlin saman med Einar Steen-N\u00f8kleberg. Dei framf\u00f8rde da materiale etter Dahle\/Grieg\/Halvorsen.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Olav \u00d8yaland(1922-)<\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Olav \u00d8yaland har blitt rekna som den fremste nolevande tradisjonsberaren innan Gib\u00f8-tradisjonen. Han har vunne fleire landskappleikar, sist i 1997, 74 \u00e5r gamal.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Olav \u00d8yaland har teke vare p\u00e5 og brukar den opprinnelege tonaliteten i sl\u00e5ttane, og har ogs\u00e5 gitt ut CD.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Smedalbr\u00f8rne<\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>5 br\u00f8r fr\u00e5 Seljord\/Flatdal:<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Olav, Harald, Gunleik(1878 &#8211; ?), Eilev(1889-1938), Gregar. I alle fall dei 4 f\u00f8rste utvandra til Amerika. Bestemor deira var syster til H\u00e5vard Gib\u00f8en, og de hadde spel fr\u00e5 Kjetil h\u00e5vardson og Knut Dahle, samt fr\u00e5 Borgenkarane og Lars Fykerud.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Eilev er den mest kjende av br\u00f8rne. Han vart kirurg i Amerika, og spela inn ein del plater med norsk sl\u00e5ttespel. Han f\u00f8rde Gib\u00f8lina vidare, men ber ogs\u00e5 preg av sterk p\u00e5verknad av konsertspelet til Lars Fykerud. Harald vart sheriff, men vart ihelk\u00f8yrd i Amerika. Gjennom Gunleik og Eilev har spelet blitt f\u00f8rt vidare til<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>H\u00f8ye Kv\u00e5le(1880 \u2013 1960-\u00e5ra)<\/strong>\u00a0og<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong><u>Eivind Mo<\/u>(1904-1994)<\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>F\u00f8dd p\u00e5 Rauland, busett i Seljord. Eivind Mo vann b\u00e5de kongepokal og landskappleik. Han var mykje i lag med vestlandsspelemenn som Halldor M\u00e6land og Anders Kj\u00e6rland. L\u00e6remeister var ogs\u00e5<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong><u>Olav Groven (1895-1929)<\/u><\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>fr\u00e5 G\u00f8ytil. Han hadde, som bror sin<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p><strong>Eivind Groven(1901-1977),<\/strong><\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>b\u00e5de Gib\u00f8- og Myllarspel. Eivind Groven var samlar, spelemann og komponist. Han var folkemusikkonsulent i NRK i ei \u00e5rrekkje, og skreiv ned 2000 folkemelodiar og 1300 felesl\u00e5ttar, 800 av desse fr\u00e5 heimdistriktet. Eivind Groven vart mykje brukt som kappleikdomar. Mest kjend er han kanskje for utviklinga av det reinstemde orgelet. Han utarbeidde ogs\u00e5 framlegg til metode for notasjon av folkemusikk, og var oppteken av dialektiske forskjellar i takt, rytme og tonalitet. Mellom anna gjorde han fors\u00f8k med m\u00e5ling av taktunderdeling i springarsl\u00e5ttar med morseapparat. P\u00e5 trass av at han arbeidde mykje med teoretiske sp\u00f8rsm\u00e5l, hadde ikkje Eivind Groven h\u00f8gare musikkutdanning. Som spelemann blir broren Olav rekna som den beste av dei to. Han d\u00f8ydde ung.<\/p>\r\n\r\n\r\n\r\n<p>Desse to h\u00f8yrer ikkje direkte til i Gib\u00f8tradisjonen, men har likevel tileigna seg ein del av spelet.<\/p>\r\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>&nbsp; Av Herdis Lien Hardingfela kom truleg til Telemark p\u00e5 slutten av 1600 \u2013 byrjinga av 1700-talet. Rikard Berge nemner at Tore Knaben fr\u00e5 Fjotland som kom flyttande til Kvambekk i \u00c5motsdal tidleg p\u00e5 1700-talet hadde med seg b\u00e5de fele og langeleik. Ser ein dette i h\u00f8ve til at den eldste hardingfela me kjenner til, [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-188","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/188","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=188"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/188\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":314,"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/188\/revisions\/314"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/folkemusikkarkivet.net\/telemark\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=188"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}